søndag 1. april 2012

Lin kjole

Syr til påskemarked :)
Men i dag er sy fri, dermed har eg tid å ta litt bilder.
Sydd kjole og bukse i lin. Fantastisk nydelig stoff i lett lin kvalitet.
Eg elskar spreke fargar, men likar også det nostalgiske....Her må eg vel sei at det er litt nostalgisk:)
Applikert hjerte og blonder. Kjole str. 3-4 år Bukse str. 2 år.
Ha ein nydelig palmesøndag!





fredag 30. mars 2012

Travle dagar

Eg har hatt travle dagar og ikkje hatt tid å ta bilder av nye sy prosjek.
Eg fekk spørsmål om å være med på Påskemarked på Moster noko eg ikkje kunne sei nei til!
Så i løpet av dei tre siste dagane er det blitt 6 bodyar, 3 knyttebukser, 3 uferdige kjolar og mangen nesten ferdige smekker.
No har eg ein snill mann som skal massere min stive nakke :)
Eg gleder meg til marked:)

Her er bilde av ein kjole som var ein av dei første eg laga. Dette er ein redesign kjole av tunika og bluse med nye blonder.
Mønster fra Onion, men mykje omgjort.







mandag 26. mars 2012

Body til ein liten venn

Ferdig med ein liten bursdagsgave til ein liten venn!
Håpar han blir fornøyd :)
Stoffet er økologisk bomull jersey, utruligt mjukt med god elastisitet.
Håpar på han kan boltre seg i bodyen igjennom ein lang og god sommar!

Stoffet veit eg ikkje kor eg har kjøpt....
Mønster frå heilt spesiell.





fredag 23. mars 2012

Bukse til Leah


Leah måtte få ei bukse som passa til bodyen med fuglar.
Måtte prøve å lage lommer på, det vart jo koselig:)
Mønster er i frå Ottobre.
Chenille og jersey frå S&S
Interlock frå Sydilla.

No er våren kommen her, glede!
Då vert det meir hagearbeid og mindre sying....
Men då regnet kjem kryp eg ut i verkstaden og syr litt igjenn.
No håpar eg på lange dagar med sol, sol og sol...:)
Ha ei nydelig helg!





tirsdag 20. mars 2012

Restekjole

Hadde ein liten rest med lilla babycord eg sydde ein liten kjole til Leah.
Eg lokar godt fargar og synest egentlig det er litt "knæsj" med lilla og knall raudt i samen!
Blir i godt humør av fargar :)
Kjolen har fått knall raud kantbond med prikkar og blonde.
Bonda har eg kjøpt hos Leanne.
Applikerte på eit hjerte.
Har laga knappeopning på skuldrene. Knappane er tøy- knappar som eg har kjøpt hos Texart.
Mønsteret er eige og klippa til at det skulle passe Leah.
Bodyen har eg sydd frå jersey frå Texart.





lørdag 17. mars 2012

..fløy ein liten blå fugl...

Herlig vårdag!
Eg har fått mold under negla og fått rydde mykje ute i hagen!
Leah har kost seg å sett på i frå vogna si.
Fuglane kvitra og me har nytt livet og kjent energien spira fram.
På kvila hennar fekk eg laga ein liten body til ho, med ein liten fugl, ja fleire fuglar på.
Ho lo då ho såg på den og "snakka" med fuglane.
Herleg helg <3

Jersey i frå S&S
Kantet med Hilco interlock frå Sydilla




fredag 16. mars 2012

Ballongkjole

Eg grublar og grublar kver gong eg lagar denne kjolen!
Den har skjulte saumar og vrang og rett skal vriast og snuast til eg blir heilt svimmel!
Og eg blir like forundra kvar gong eg er ferdig og "vrir" alt på plass og det stemmer :)
Søt kjole til ei prinsesse!
Nydelig florlett  lilla bomullsvoilê med kvite prikkar.
Heilforet med jersey stoff.
Denne tenkte eg Leah på 1 år skulle få,
 men den er akkurat passe no og då vil den ikkje passe ho i sommar.
Den er sydd i str. 74
Kostar kr 250,-

Mønster Stoff og Stil
Stoff frå S&S