fredag 30. mars 2012

Travle dagar

Eg har hatt travle dagar og ikkje hatt tid å ta bilder av nye sy prosjek.
Eg fekk spørsmål om å være med på Påskemarked på Moster noko eg ikkje kunne sei nei til!
Så i løpet av dei tre siste dagane er det blitt 6 bodyar, 3 knyttebukser, 3 uferdige kjolar og mangen nesten ferdige smekker.
No har eg ein snill mann som skal massere min stive nakke :)
Eg gleder meg til marked:)

Her er bilde av ein kjole som var ein av dei første eg laga. Dette er ein redesign kjole av tunika og bluse med nye blonder.
Mønster fra Onion, men mykje omgjort.







mandag 26. mars 2012

Body til ein liten venn

Ferdig med ein liten bursdagsgave til ein liten venn!
Håpar han blir fornøyd :)
Stoffet er økologisk bomull jersey, utruligt mjukt med god elastisitet.
Håpar på han kan boltre seg i bodyen igjennom ein lang og god sommar!

Stoffet veit eg ikkje kor eg har kjøpt....
Mønster frå heilt spesiell.





fredag 23. mars 2012

Bukse til Leah


Leah måtte få ei bukse som passa til bodyen med fuglar.
Måtte prøve å lage lommer på, det vart jo koselig:)
Mønster er i frå Ottobre.
Chenille og jersey frå S&S
Interlock frå Sydilla.

No er våren kommen her, glede!
Då vert det meir hagearbeid og mindre sying....
Men då regnet kjem kryp eg ut i verkstaden og syr litt igjenn.
No håpar eg på lange dagar med sol, sol og sol...:)
Ha ei nydelig helg!





tirsdag 20. mars 2012

Restekjole

Hadde ein liten rest med lilla babycord eg sydde ein liten kjole til Leah.
Eg lokar godt fargar og synest egentlig det er litt "knæsj" med lilla og knall raudt i samen!
Blir i godt humør av fargar :)
Kjolen har fått knall raud kantbond med prikkar og blonde.
Bonda har eg kjøpt hos Leanne.
Applikerte på eit hjerte.
Har laga knappeopning på skuldrene. Knappane er tøy- knappar som eg har kjøpt hos Texart.
Mønsteret er eige og klippa til at det skulle passe Leah.
Bodyen har eg sydd frå jersey frå Texart.





lørdag 17. mars 2012

..fløy ein liten blå fugl...

Herlig vårdag!
Eg har fått mold under negla og fått rydde mykje ute i hagen!
Leah har kost seg å sett på i frå vogna si.
Fuglane kvitra og me har nytt livet og kjent energien spira fram.
På kvila hennar fekk eg laga ein liten body til ho, med ein liten fugl, ja fleire fuglar på.
Ho lo då ho såg på den og "snakka" med fuglane.
Herleg helg <3

Jersey i frå S&S
Kantet med Hilco interlock frå Sydilla




fredag 16. mars 2012

Ballongkjole

Eg grublar og grublar kver gong eg lagar denne kjolen!
Den har skjulte saumar og vrang og rett skal vriast og snuast til eg blir heilt svimmel!
Og eg blir like forundra kvar gong eg er ferdig og "vrir" alt på plass og det stemmer :)
Søt kjole til ei prinsesse!
Nydelig florlett  lilla bomullsvoilê med kvite prikkar.
Heilforet med jersey stoff.
Denne tenkte eg Leah på 1 år skulle få,
 men den er akkurat passe no og då vil den ikkje passe ho i sommar.
Den er sydd i str. 74
Kostar kr 250,-

Mønster Stoff og Stil
Stoff frå S&S








tirsdag 13. mars 2012

To bodyar på bestilling

Fekk forespørsel frå kunde om to bodyar og bukser som passar til.
Eg sende bilete av stoff på mail. Kunden valde ut 
muntre froskar kjøpt hos Citrone design, som desverre ikkje lenger eksisterer. Og kvite skyer på grøn bakrunn, kjøpt hos Cetho Design. 
Plast knapper i frå Lykkedragen.
 Kjøpt meg knappepresse der og er super fornøyd!
 Dei set som støypt fast :)
Kantet med Hilco Interlock frå Sydilla.
Mønster: Heiltspesiell.
Str. 92

Håpar ho vert fornøyd med resultatet!




lørdag 10. mars 2012

....Sopp kjole

Våren er i annmarsj ! Men me kan ikkje merka det på været her på Bømlo i dag :)
Dermed vart dagens prosjekt ein forklekjole med vårligt stoff!
Mangen lykkelige soppar  i eit eventyrleg vakkert vår vær!

Mønster frå "Made by me"
Stoff. bomull kjøpt ein plass eg ikkje hugsar.
kam kam knapper frå Lykkedragen

Str. 1- 2 år
Ligg til salgs på Epla



fredag 9. mars 2012

Prinsesse "Villikke"

Dagen starta kl. 05.30.
Då var vår lille prinsesse "Villikke, super energi klump" klar til innsats på fredagen.
Ja ho ville ikkje sova meir og fekk dagen min til å verta lang og god :)
Somme tider kunne eg tenkt meg litt av den energien ein 1 åring klarar å osa ut av seg.
På kvila hennar i dag laga eg ein bringebær raud body med kvite prikkar. prøvde med interlock til kanting. Det var supert :)
Knappar i frå Lykkedragen

Er det ikkje raudt det skal væra for å få energi?
 Kanskje ikkje det beste for vår vesle turbo/ energi klump :)

Stoff: i frå texart
og Sydilla
Mønster: heilt spesiell






Eg har fått god ryddehjelp i dag:)
Tusen takk frøken dings !







torsdag 8. mars 2012

Eit leikesett er klar til innsats !

No har eit leikesett til eit aktivt barn sett verdens lys.
Kleda er så klar for å få bli herja rundt i og ha det kjekt :)
Eg har ikkje prøvd meg på denne type lukking i hals, veit ikkje om det fristar til gjenntaking heilt med det første. Mykje mask....:)
Oransje genser med turkisblå øgler.
Sydd i bomull jersey og ribb frå S&S .
Buksa i turkis chenille frå S&S.
Knappar i frå Lykkedragen
Mønster Ottobre

Str. 86








Ligg til salgs på Epla

mandag 5. mars 2012

....prinsesse body

I dag fekk eg lyst til å lage ein søt body som passar akkurat for ei prinsesse :)
Eg liker dette stoffet godt, det er det mjukaste bomull jersey eg har funne.
er usikker på kor eg kjøpte dette...
Kantet det med lys rosa ribb.
Mønsteret er fra "Heilt spesiell"
Plast trykknapper frå Lykkedragen







søndag 4. mars 2012

Klede til Leah

I går sov Leah to timer på kvila (noko som ikkje er vanlig...)
 og eg fekk laga ei knyttebukse og ein genser til ho.
Fann ein søt rest på stoff og stil i bomull jersey. Den er creme kvit og med søte blomar.
Passar til å gå sommaren i møte.
Den vart ein genser med mønster frå ottobre.
Kanta med rosa ribb frå S&S.

Lilla knyttebukse i velour frå S&S.
Ho vart fornøyd med kleda :)



torsdag 1. mars 2012

Første "sprett" med Coverproen

Det vart litt stive skuldre og frustrasjon undervegs....men fekk til slutt ribben på :)
Kan ikkje sei at eg er blitt beste venn med den ny Coverproen endo...
Men håpar me to forstår kvarandre litt betre i dagane som kjem :)
Vart i så fall ein søt body til ein liten gut.
Bomull jercey og ribb frå S&S.
I dag kom ny pakke med stoff....skulle berre komme ein pakke med litt ekstra tid :)
No skal eg nyte kvelden, etter ein fin dag med ungane som har vinterferie!