torsdag 31. mai 2012

Tunika

varmen forsvant like fort som den kom....trist, men sant!
Dermed kunne me kle litt på oss igjenn her på Vestlandet. 
Kjekt med tunika, men no laga eg ein variant med litt varme :)
Eplegrønn chenille frå ein lokal stoff butikk (Stoffbua ) og bomull jersey frå Texart.
Herlig, sommarfrisk med litt varme.





tirsdag 29. mai 2012

T-skjorter

Har sydd nokon T-skjorter desse fine, varme dagane.
 Men i dag lure eg på; kven skrudde varmen av??
Eg nyt sola og det blir mindre tid til å sy.
Eg har eit motto; det skal vere lystbetont når eg syr.
Dermed skal kleda vere laga med godt humør :)
Men eg kjenner eg får litt "sy-abstinens" dersom det går for lang tid....:)

Denne T-skjorta er str. 2 år og slim fit.
JNY design stoff. grøn med kvite skyer.
Oransje trykknapp i  hals lukking.




tirsdag 22. mai 2012

Varme dager

I dag hadde me 24 grader, noko som er heilt fantastisk! 
Kjenner det gjer rett å slett godt. Leah har kost seg i sola og varmen.
Laga ei T-skjorte då ho kvilte.
Denne i ein slim fit modell. 
Liandlo jersey frå Texart
Ribb fra S&S



mandag 21. mai 2012

Sommaren kjem

Endelig! 
No har me venta rimelig lenge her på Vestlandet på varme!
 I dag kom den, HURRA!
Då måtte eg skunde meg å prøve å sy T-skjorte, då vart det to :)
Begge med stoff i frå Gekko og interlock i frå Hilco, sydilla.
Herlige sommarfriske vart dei, og satt veldig bra på :)

Str. 86/ 92









tirsdag 15. mai 2012

17.mai kjole til ei prinsesse

Har i det siste sydd mest på bestilling. Noko som er kjekt :)
Liker når eg får litt ønsker om fargar og mønster. Eg har vel erfart at me ikkje alle har lik smak, heldigvis :)
Men her var bestillinga litt romantisk til 17.mai, herlig!
Då vart det ein kjole i lin med knting i interlock. 
Glidelås i rygg, stor blondesløyfe og underkjole med blonder.
Søt og verdig ei lita prinsesse som skal feire sin 1. nasjonaldag!
Gratulerer med dagen alle mann og kvinner
prinsar og prinsesser!





fredag 11. mai 2012

Vår jakke til ein prins

Likte så godt dette mønsteret! Kjempe kjekk å sy. 
Herlig chenille i frå S&S og dei flotte stjernene til JNY, kjøpt hos Texart:)
Eg har ingen liten gut skjølv, men synest det er kjekt å sy til gutar også.
No vart denne seld til ein liten prins! Eg håpar han synest jakka er god å ha på seg <3
Ei jakke med farger til å bli glad i!
Knappar i frå Snap-source.





tirsdag 8. mai 2012

Mosegrønn drøm

I dag hadde eg planar om å lage ei dongeribukse.....men det vart det ikkje nei....
Då eg kom ut i sy garasjen fikk eg brått lyst å lage ein overall til Leah. Herlig å bevege seg i, lett å ta av og på, rett å slett berre fordeler :)
Brukte eit skikkelig frisk mosegrønn chenille stoff i frå S&S, interlock til kanting og føtter og frå S&S. Denne var ikkje lett å bruke....vrei seg.
Applikerte ein blom, som friskar opp ei ellers så frisk bukse.





mandag 7. mai 2012

Vår jakke

Leah treng ny jakke, vår jakke.
Laga ei i brun chenille som eg  foret hetta med herlig retro stoff.
Eg er usikker om eg burde laga ho større til ho. 
Denne er str.1 år, så det kan hende eg må selge den....
Pyntet den opp med tre heklet blomster i farger i frå hetta.
Håpar ho passar. Akkurat no er ho ute med storesøster på trilletur <3

Mønster Ottobre
Stoff : S&S, Fabelblå og Sydilla





fredag 4. mai 2012

Retro jenta vår

Endelig er Leah oppe og spring :)
 Ho har vore dårlig ei veke med omgangsjuke og vert innom sjukehus.....
No kvitrar ho og er glad <3
Men desverre er ikkje familien vår ferdig med dette enda....pappen ligg....
Men i dag er skatten vår frisk <3
Då måtte ho få på seg ei ny bukse eg har laga i herligt jersey stoff kjøpt hos Fabelblå.
Elskar retro, og dette er vel ganske retro :)
Ribb frå S&S og interlock fra Sydilla.
Mønster er Jubel.