torsdag 25. oktober 2012

Lenge sidan sist!

Eg syr ein del, men har lite tid og overskudd til å blogge.
Men no får eg ta meg litt tid :)
For tida er syrommet ein plass der tankar får kvile og det er godt.
Me har ei sjuk jente som me elskar så høgt, som har det svært vondt for tida.
Me håpar og ber om at dagane blir bra og at det snart vert eit lys i den lange mørke tunellen.

Eg har sydd litt med tanke på ei delvis planlagt julemesse, som no ser ut som kanskje ikkje blir.
Så dersom nokon veit om ei messe der eg kan komme, kjem eg gjerne :)
Det er godt å sitje med symaskinane!

Ta gjerne kontakt dersom du er interessert i noko av det eg har sydd. Eg kjem kanskje til å legge litt ut på Epla, men ikkje med det første.


 Grønn bomull isoli kjole med ermer i jersey og applikasjon
Denne er str. 86
kr.300,-

 Chenille spenser med applikasjon
Str. 1- 2 år
kr. 250,-

 Sett til ein liten gut. 
Str. 56
kr. 300,-