fredag 10. august 2012

Tja....kanskje?

Eg vart inspirert til å sy ein kjole til meg skjølv.
Har haugevis med stoff...men problemet er at det er mest egna til barneklede.
Eg kjende at eg hadde ikkje lyst på kjole med soppar eller bilar...
Hadde ein rest med koksgrå velour, men ikkje nok til heil kjole. Då måtte det verta raudt framstykke.
Eg elskar raudt, men berre ikkje på meg skjølv....
Dermed er eg nokså usikker på heile kjolen. 
Fargen passa desverre ikkje meg, noko eg fekk fint beskjedom av 12 åringen i huset :)
Så dersom du er interessert sel eg den gjerne;)
Str. Small





torsdag 9. august 2012

Ei lita bestilling

Kjekt å sy bestillingar til små babyar. Forstår ikkje at eg ikkje kom på å sy når eg venta baby....som no er såååååå stor. Sukk.....
Snart ferdig med utvida mammaperm. Det spørst kor mykje tid eg finn til å sitje ute i syrommet då.
Men eg gleder meg til å komme tilbake som helsesøster, skal bli kjekt.
Men, enn så lenge syr eg!
Ferdig med ei bestilling til ein liten gut.
Stoff i frå S&S og Gekko.
Brun bomull velour og bomull jersey med sirkler. Turkis kanting (interlock fra Hilco)

Str. 68





lørdag 4. august 2012

Overall og body

Eg fekk lyst å sy noko til smågutar :) 
Har ingen skjølv så eg håpte det vart seld, og det vart det ;)
Overall i mjuk velour frå S&S og body med kløver fra Taxart.
Kan ikkje tru at ho litla frøkno her i heimen akkurat har vore så lita at ho kunne komme i desse kleda.
Tida går så alt for fort....
No luktar det pizza her.....mmmmm :)
God helg til deg!



onsdag 1. august 2012

Hipp hurra!

Hipphurra og jippijajja :)
Eg er så heldig, har ikkje vunne i lotto, men i blog lotteriet til AnnaJohanna !
Gleder meg så mykje til å setje i gang med lappeteppet!
Dei har ein fantastisk fin blogg som eg synest adle må ta seg ein tur innom å kikka i :)

Ellers innimellom mine lykkesrang, hr eg gjort litt lykke i syrommet. Sydd eit par bodyar og ei knyttebukse.
Har så masse fint stoff, at eg veit ikkje heilt kva ende eg skal begynne (å sy) i !

Body i jersey fra Texart str. 86 (til salgs)



 Body med jersey fra Texart str. 62 (til salgs)





Knyttebukse i babycord fra Stoff 2000 str. 86 (til salgs)



fredag 27. juli 2012

Første sy-sprett på maaaange dagar!

Det har regna ganske kraftigt her på Moster i dag!
 Ungane har vore på kino og nokon på tante besøk:)
Dermed fekk eg litt tid som eg kunne bruke ute i sygarasjen :) 
Kjende det gjorde godt å sy litt etter gammalt!
Hadde ein bestilling på ein tunika og posebukse til ei lita prinsesse.
Mammaen hadde bestemt kva stoff og stil :)
Sydd av herlig pudderrosa linblanding i fra S&S, og blondestoff til ermer og applikasjon.
Str. 68










torsdag 26. juli 2012

Sommarferie....

Sommarferie er deiligt, skjølv om veret ikkje er det beste.
No har me feriert ei veke i Danmark, med ein god del regn.....
Kom heim til sol og sommar :)
Herligt!
Eg har hatt tid å rydde i sygarasjen! Fann ut i dag då eg skulle legge på plass allt nyinnkjøpt stoff,
 fra Danmark turen.....at det var fullt! Så no må eg sy, ikkje berre handla!
Eit par dagar til ferie....så !










mandag 2. juli 2012

Sommar jakke til Leah

Sommaren er her! 
Men den er ikkje akkurat så varm..... Dermed er behovet for
lette jakker, som er passe varme, også her :)
Eg har laga fleire av denne jakka, men i dag laga eg hetta annasleis, den er avrunda.
Brukte raud chenille frå S&S, og interlock til kanting. Hadde ein rest av dette prikkete stoffet, som er kjøpt på lokal stoffbutikk her på Bømlo.
Sydde ein applikasjon på, følte vel at jakka vart litt "julete" uten ;)
Leah vart fornøyd! Håpar berre me slepp å bruke den så mykje:)