onsdag 27. februar 2013

Vårdagar

Herlige vår dagar :)
Når sola skin og våren nermar kjennest det godt! Det passar godt at det er vinterferie!
I dag vart det pølser ute i vårsola!
 Dei to eldste jentene er med pappen til syden så det er litt tomt her heime.
Då Leah kviler er eg i sygarasjen, herligt!
Dei siste dagane har det blitt ein kjole og to bukser.
Kjolen er med stoff eg meiner eg kjøpte på Stoff og stil i Kristiansand. Eg angrar eg ikkje kjøpte meir. Nydelig småblomstrete stoff!
Stoffet i buksene er kjøpt på nett fra USA trur eg ;)
Mønster på kjolen er Burda, buksene er eige mønster.







onsdag 20. februar 2013

Lenge sidan no....

Eg er ikkje så flink å oppdatere bloggen, men her kjem eit lite forsøk :)
I dag fekk eg lyst å sy litt og her er resultatet:
ein himmelblå chenille overall til ein liten prins.
Stoffet i frå S&S og Stoff 2000.
Overallen er halvforet. Mønster er Ottobre, men ein del "fiksa" på.
Sikle smekke i samme stoff som foret.

Håpar sy lyst og glede kjem litt oftere, slik at eg har noko å vise fram på bloggen :)



lørdag 19. januar 2013

Frottè med elg :)

Fantastisk snålt stoff :)
Bomull frottè med elg hoder !
Stoffet er i fra S&S og er utruligt godt og mjukt.
 Tenkte det kunne passe i ei sparkebukse for ein liten krabat som utforskar verden :)
Det er kantet med marineblå interlock som også er brukt på ben avslutning. For å gi ein litt "sprek" snert på buksa, fikk den gule trykknapper til skulderknapper!

Str. 62
Til salgs 250,-



fredag 11. januar 2013

God helg

Sminke punger er kjekt å sy, og kjekt å gi bort i gaver.
 Før jul laga eg ein god del både til salg og gaver.
Det er ein fin måte å bruke opp rester av stoff.
No har eg handla stoff i frå fleire plassar....hadde egentlig planar om å bruke opp litt av det gamle.
Men eg blir såååå frista, puh.....
Så no venter eg i spenning :)
Så får me sjå kor mykje sying det blir! 
No er eg i arbeid 3 dagar i veka som helsesøster og resten av veka har eg ein del å gjere som alle andre mødre her i verden :)
Men å sy er ein fin måte å koble ut stress og fylle på litt energi. Så syrom: eg kjem nok ;)
Ha ei fin helg !




tirsdag 1. januar 2013

Godt nytt år

Godt nytt år !

I dag har juletreet blitt kasta på hodet ut, ikkje bra...men litt  godt og :)
No er det nytt år. Eit nytt år med nye muligheter!
Eg håpar på at syrommet kan verta flittigt brukt.
Men eg har mangen andre nyttårsønsker som er langt høgare. 

Eg sydde nokon barneforkle før jul.
Koselige som eg håpar blir flittigt brukt i heimen dei er kommen i :)





lørdag 29. desember 2012

Kler til barnehagestart

Etter nyttår skal Leah begynne i barnehage. Vemodigt men spennande :)
Eg er sikker på at ho kjem til å kose seg dei tre dagane i veka 
 ho får leike og kose seg med andre trollungar :)
Leah treng litt nye kler som er gode å boltre seg i . så dermed er produksjonen begynt!
Body i herlig retro stil med stoff i frå Fabelblå og bukse i velour med påsydd namn, slik at ingen er i tvil.
Nydelig brendt oransje farge, herlig!
Velouren er i frå S&S.
Ein genser i velour , med applikert prinsesse.
 Her må ei matchende bukse lagast i morgon?

Leah elsker å vere modell :)







torsdag 27. desember 2012

Hjelp !

Eg er ikkje noko knall god på data, berre litt :)
Det er lenge sidan eg la ut forige blogg innlegg. Eg får ikkje til å legge ut fleire bilder!!!
Det står eg må betale for meir plass??
Nokon som har vert borti dette og kan hjelpe meg med det??
Då blir eg takknemmelig :)
Takk og god jul :)