søndag 12. februar 2012

Prinsesso vår i ny kjole

Å eg elskar å sy til den litla dokko mi!
Her har ho fått seg raglan kjole i lilla chenille frå S&S. Applikert blom på av same stoff som bukse og ermer. Det var eit reste stoff eg fann i ei korg på S&S som eg likte kjempe godt. Litt retro :)
Kjolen har påsydd pompongband som Leah elsker å leike med!



lørdag 11. februar 2012

50 medlemmer = trekning av kjole !

Heisann :)
Eg ynskjer å innvitere deg til å bli medlemm til "bloggen" min :)
Når eg har fått 50 stykk som fylgjer vil eg ha trekning av ein kjole.
Denne kan du skjølv bestemme litt korleis skal sjå ut!
Eineste det må være frå 0- 4 år i str., ein raglan kjole med korte eller lange ermer i chenille.
Du bestemmer farge, med eller uten applikasjon og med eller uten bond eller blonder :)

Velkommen til å fylgje Trastungen :)



fredag 10. februar 2012

"Vår prinsesse"

Eg likar godt å ha "heil" bukse på jenta vår før ho er begynt å gå.
Det er koseligt med kjolar, men lette å snuble i når ho kryp rundt.
Eg har for det meste brukt tunika eller bukser.
men no har ho teke sine første usikre og nervøse steg ut i verden :)
Snart spring ho :)
Men selebukser er deilige på.
Her er ei laga i pudder-rosa chenille. Halv foret med kvitt bomullstoff.
Applikert hjerte og sølv krokelisse bond :)
Ligg til salgs på Epla.




Str. 1 år

torsdag 9. februar 2012

Bursdagskjole til prinsessa vår, Leah!

Leah, prinsessa vår, er 1 år neste veke.
Då måtte eg lage ein heilt spesiell kjole til ho. Ein kjole ingen andre i heile verden har lik :)
Den er ekte redesign!
Laga av mormor sin kvite bluse i flortynn bomull, mamma sin tåkeblå topp med blonder og ei god veninnde sin tunika med små blomar.
Nydelig og ei prinsesse verdig :)
Så no kan bursdagen berre komma!
Hipp hurra!






Redesign er kjempe kjekt :)

Hadde ein fint brukt kvit strikka bomullsgenser
 som eg syntest såg spennande ut å gjera om til ein kjole!
Laga ein spencer kjole som eg hekla kant rundt hals og ermer med lyng farga ull tråd.
Pynta den med tre hekla blomar i forskjellig størrelse.
Søt syntest eg :)
Ligg til salgs på Epla til kr. 200,-






fredag 3. februar 2012

God helg

Snø....hjelp :)
Kor vart våren av???
Eg syr no kjolar og tenker på vår og sommar, denne snøen berre lure meg, sommaren kjem :)
I går vart eg så begeistra for jungel stoff med aper og løver i frå Cetho design.
Dette fantastiske stoffet vart til ein morsom kjole/ tunika som er utrulig mjuk og behagelig å ha på seg. Ingen "dumme " saumar i vegen.
Så no kan sommaren komme :)
Eg legg denne til salgs og lagar ein til til mi koseliga frøken. Ho vart svært så begeistra for apekattane, kan hende sidan skølv oppfører seg som ein apekatt???

Str. 80/ 86
Ligg til salgs for kr.235,- på Epla

torsdag 2. februar 2012

Første glidlås.....

Har grua meg og vegra meg lenge til å bruke glidlås.... Kjøpt nokon som fint har fått ligge og berre nyte livet i skoffen sin :)
Men no måtte eg berre prøve.
Det gikk sånn nokon lunde greit, resultatet såg bra ut, men eg klurte nok litt før eg fekk det til. Hadde vert greit med ein bruksanvisning :)
Det vart ein "usynlig glidlås".

Kjolen som fikk æren av mitt første glidlåsprosjekt var "Lille Martine" spencer kjole, mønster i frå S&S.
Den fekk påsydd blonde som i tillegg til pynt fikk ein ekstra lukke funksjon i ryggen!
Søt kjole som har eit nostalgisk preg.



Ligg til salgs på Epla til kr.250,-