lørdag 17. november 2012

Vinter frottè

Har hatt liggende ei stund eit nydelig vinter- frottè stoff i frå Sydilla.
Eg kjøpte ein meter med offwhite, men kjem nok til å handle meir...
Utrulig deilig kvalitet. Fin både til foring, heildressar og kjolar.
Eg har sydd ein liten spencer til Leah. Den har eg sydd på ei blonde som eg har spretta av ein bluse og eit pudder rosa hjerte i chenille. Litt sølvtrådar sydd rundt, vanskelig å sjå på bilde. 
Eg kantet med kvit interlock for enkelhetsskuld, men det vart fint syntest eg.
Trur ho skal få ha denne på seg i morgon :)
God helg !




2 kommentarer: