tirsdag 15. mai 2012

17.mai kjole til ei prinsesse

Har i det siste sydd mest på bestilling. Noko som er kjekt :)
Liker når eg får litt ønsker om fargar og mønster. Eg har vel erfart at me ikkje alle har lik smak, heldigvis :)
Men her var bestillinga litt romantisk til 17.mai, herlig!
Då vart det ein kjole i lin med knting i interlock. 
Glidelås i rygg, stor blondesløyfe og underkjole med blonder.
Søt og verdig ei lita prinsesse som skal feire sin 1. nasjonaldag!
Gratulerer med dagen alle mann og kvinner
prinsar og prinsesser!





1 kommentar: