Dagen starta kl. 05.30.
Då var vår lille prinsesse "Villikke, super energi klump" klar til innsats på fredagen.
Ja ho ville ikkje sova meir og fekk dagen min til å verta lang og god :)
Somme tider kunne eg tenkt meg litt av den energien ein 1 åring klarar å osa ut av seg.
På kvila hennar i dag laga eg ein bringebær raud body med kvite prikkar. prøvde med interlock til kanting. Det var supert :)
Knappar i frå Lykkedragen
Er det ikkje raudt det skal væra for å få energi?
Kanskje ikkje det beste for vår vesle turbo/ energi klump :)
Stoff: i frå texart
og Sydilla
Mønster: heilt spesiell
Eg har fått god ryddehjelp i dag:)
Tusen takk frøken dings !
Det prikkestoffet er så herlig! Har også sydd noen bodyer av det :D Kjempefin body!
SvarSlettJa utruligt fint :) Eg spent på korleis det held seg i vask!
Slett