lørdag 16. mars 2013

Snart vår !

Ute er det minus grader og ganske så mykje frost i bakken!
Men 16. mars står det på kalenderen, ja då er det vel snart vår då ?
Uansett, kulde eller ikkje, eg satsar stort på at snart klarer krokusen å brøyta veg igjennom harde, kalde bakken.
 Snart kjem vårsola og varmar. 
Snart snur den lange vinteren til ein lang og god sommar <3

Får no litt tid innimellom å sy eit og anna. 
Det er kjekt og godt å ta turen ut i syrommet eller garasjen min.