lørdag 17. november 2012

Vinter frottè

Har hatt liggende ei stund eit nydelig vinter- frottè stoff i frå Sydilla.
Eg kjøpte ein meter med offwhite, men kjem nok til å handle meir...
Utrulig deilig kvalitet. Fin både til foring, heildressar og kjolar.
Eg har sydd ein liten spencer til Leah. Den har eg sydd på ei blonde som eg har spretta av ein bluse og eit pudder rosa hjerte i chenille. Litt sølvtrådar sydd rundt, vanskelig å sjå på bilde. 
Eg kantet med kvit interlock for enkelhetsskuld, men det vart fint syntest eg.
Trur ho skal få ha denne på seg i morgon :)
God helg !




tirsdag 13. november 2012

Overall og body

Fekk ei bestilling på ein body med dette herlige sneglestoffet
og ein passande overall, helst grøn.
Dette vart resultatet.
 Koselig, retro og behagelig for ein aktiv kompis.
Sneglestoffet huskar eg ikkje kor eg har bestilt?
 Men det er i alle fall eit kjempe koseligt stoff, med fargar i god retro stil.
Buksa er sydd i grønn isoli, med flosset bakside, fra S&S.

Mønster i frå Heilt spesiell og Ottobre (med justeringar).
Str. 86







lørdag 10. november 2012

Sparkebukser

Eg sydde nokon overallar eller sparkebukser til ei messe.
Eg synest dei er kjempe søte og ser ut som dei må vere gode å ha på ein liten krabat i full rulle på golvet :)
Har nokon igjenn av desse.
Mønsteret er eit ottobre som eg har fiksa noko på.
Dei har lukking med trykknappar på skuldre.
Buksene er kanta med interlock og har ribb nede på føter.

Til salgs  250,-


Bomull jersey str. 62

Bomull interlock/ okologisk str.62

Bomull interlock/ økologisk str.68

Bomull isoli str. 68


Bomull frottè  str. 68