mandag 30. april 2012

Lykke kløver

Her i huset held dei eldste jentene på med å lage til julebord til  seg skjølv og nokon venninder :)
Ja dei seier jula varer heilt til påske, men dette tar kaka :) 
Kylling gryte med ris og salat står på menyen, med sjokolade mousê til dessert.
Me må nok hjelpe litt til :)

I dag har lykkekløver stoffet fått bli til nytte.
Ein liten lykke kløver body er laga til ein gut på 2 år som 
heilt sikkert sprer lykke rundt seg der han går <3
Stoff kjøpt hos Cheto design og mønster i frå Heilt spesiell.




onsdag 25. april 2012

Romantisk

Har laga ei jakke som er av den romantiske arten...:) Søt med alve hette og lommer. 
Volang kant nede med blonder. Eg har sydd på trykknapper som er skjulte.
Den er pudder rosa chenille med naturkvite blonder.
Mønster er eige.
Stoff fra S&S

Kjolen er applikert på eit hjerte av blonder og stoff som er i ermene.
Denne har også fått naturkvite blonder.
Mønster i fra Onion.
Stoff fra S&S og ein kvann anna plass eg ikkje hugsar :)












søndag 22. april 2012

Dagens utfordring........

Dagens utfordring:
 Familiefoografering hos fotograf, med fire ungar.
 Ein på 15, ein 11, ein på 9 og ein 1 åring!  
Ja og ein stykk far og jammen meg trur eg at mor kom med på bildet også...:)
Tre av dei klarte noko lunde å stå i ro, men å fange den litle turboen på 1 år, ja det var ein stor utfordring!
Eg kjenner meg sveitt endo....
Er mektigt spent på resultatet.
Hadde store planar om ein del klesbytte, men eg revurderte litt etterkvart :)
Denne kjolen vrt imidlertid avbilda i samen med turbo-prinsessa!
 Søt, men enda søtere på :)
Linkjole med litt blonder.





lørdag 21. april 2012

Fantastisk herlig stoff

I dag har det blitt ei knyttebukse og body av det herligaste stoffet eg har sett på lenge.
Kjøpt hos Fabelblå.
Brun interlock i frå Sydilla og knapper i frå Snap-source.
Knyttebuksa er bestillt til ei jente og er str. 2år.
Bodyen er str. 80/ 86. den trur eg Leah vil ha skjølv :)







torsdag 19. april 2012

Apekatter...........

...og ei og anna løva :)
Fikk bestilling på bukse til ein kjekk liten gut! 
Han ville ha bukse med litt apekatt stoff!
Hadde ikkje mykje att av dette stoffet, så me vart enig om brun velour med lommer i apekatt stoff :)
Sydde ein liten applikasjon av ei løve på baksida.
Så no håpar eg den kjekke guten og mammen og pappen vert fornøyde :)

God helg alle i samen! 





mandag 16. april 2012

Retro overall

Herlig retro overall.
Stoffet er frottê, djup gul farge med kvite skyer,
kantet med brun interlock.
Buksa har fått lommer til å ha små skatter oppi <3
Str. 1 år
Til salgs for kr 320,-





torsdag 12. april 2012

Retro kjole

Herlig stoff fra Texart, vart til sommer kjole.
Minner meg om melkekartong blomar :)
Den er foret med rødrutet bomull.
Leah hjalp meg og klippe, så sydde eg den i samen då ho kvilte :)
Kan hende fasongen er 50 talls inspirert?
Den er til salgs.
kr. 300,-

Mønster fra Ottobre






onsdag 11. april 2012

Knytte bukse

Herlige mønster i frå Jubel!
Eg har gjort nokon endringar på dette.
Eg prøvde buksa på Leah, som er ein liten 1 åring, herlig! 
Buksa kjem til å sitte perfekt på barn rundt 1 1/2 år, og vil nok passe til ein 2 åring også. Den er smal i fasongen i frå ryggen og oppover, vid i føttene med ribb. Utrulig søt <3
Denne er sydd i fargeglad Oga Boga bomull jersey.
Kantet med raug interlock.

Til salgs for 275,-







tirsdag 10. april 2012

Ferdig med ein" bitte liten" bestilling

Så koselig å få bestillingar! 
Denne kjolen er til ei lita jente som eg reknar med blir behandla som ei lita prinsesse <3
Kjolen er lakserosa chenille/ velour med ermer av bomull jersey i same farge med kvite blomar.
Strikk i hals og ermer og påsydd ei blonde.
Pynta med blom og hjerte, applikert i lett dongerifarga bomull.
Håpar dei alle vert fornøyde!

Mønster eige.
Stoff fra S&S




mandag 9. april 2012

Bitte liten kjole....

Fekk eit spørsmål om å lage ein bitte liten kjole str. 50 / 56.
Eg teikna ut mønster etter eit grunnmønster i raglan.
Har laga ein "prøve" kjole ut av mønsteret.
Yndig, søt og bitte liten <3
Denne er nok str. 56.

Her har eg brukt bomull jersey og applikert eit hjerte i chenille og pyntet med ei lita blonde nederst.
Strikk i ermer og strikk i hals. 
45 cm over hovud då eg strekker strikken ut.
Interlock i hals.

Dersom du er interresert sel eg den for 220 kr.





lørdag 7. april 2012

Herlig dag

Herlig dag med strålande påskesol!
Bål og pølsespidding og vaffelkake steiking ute i solveggen!
Mannen har bona båt og ungane har kost seg ute.
Skjønt, skjønt ja berre skjønt!


Denne bodyen har eg att etter påskemarknaden.
Den er av bomulljersey, kantet med kvit interlock.
Raud plastknapp i lukking i hals.
Str. 80







fredag 6. april 2012

Påske kos

Påsken er ei fin høgtid. 
Tid til ettertanke og tid til stillhet.
Tid til leik og tid til påskerebus med påskeegg jakt! 
Tid til egg fyllte med gode herligheter!
Tid til familie!

God påske alle i samen!

Eit sett i påskefargen med jungelensdyr.
Dette er solgt. 
Herligt syntest eg håpar guten vart fornøyd og glad!


torsdag 5. april 2012

Våren er på veg

Jo da, våren er på veg :)
Her ein morgon vakna me opp med minusgrader ute.....
Men tusenfryden i potta utanfor døra overlevde og no trur eg våren kjem! 
Eg er sikker på det! 
Herlige vår, velkommen!


Kjole i velour med raglan ermer i jersey. Stoff fra S&S og Sydilla.
Str. 1- 2 år.
Solgt